Norwegian English French German Italian Russian Spanish

Ocarina konsert på Jelsa - se video! Spesial

Øystein spiller konsert med internasjonale gjester i Jelsa Kirke den 25. August 2017. Se video fra konserten i artikkelen her!

Oppdatering:

Her er video fra konserten:

.be 

 

 

Her er teksten fra Facebook arrangementet:

 

Fredag 25. august er det duka for ei unik konsertoppleving i Jelsa kyrkje. Dei verdskjende okarina-utøvarane Cris Gale, Mark Chan, og Jingya Liu kjem då for å halda konsert saman med vår eigen Øystein Haga og andre lokale musikarar.

Cris Gale og Mark Chan har begge tatt turen frå USA, der dei driv med omfattande konsertverksemd - Gale har til og med spelt i prestisjetunge Carnegie Hall i New York. Jingya Liu frå Kina var ein av dei første okarina-utøvarane i Kina, og har seinare reist verda rundt med instrumentet samt tradisjonelle kinesiske instrument. Øystein Haga har i ei årrekke laga okarinaer i verkstaden på Jelsa, og har gjort instrumentet kjent for eit stort publikum. Dei fire okarinistane får denne kvelden selskap av fire lokale musikarar: Kristin Sandvik (røyrfløyte/okarina), Lieve Tieghem (cello), Veerle Tieghem (akkordeon/piano), og Martin Nygård Haug (piano/orgel).

Med så vel klassisk musikk og nyare songar, som norsk og kinesisk folkemusikk på programmet blir dette ein konsert av dei sjeldne - velkommen!

 

Sist redigert søndag, 03 september 2017 16:56

Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Mer i denne kategorien